Det handlar om profitt

kapitalissmeErling Folkvord, tidligere stortingsrepresentant for RV og medlem av Rødt, RVs «etterkommer» i det politiske Norge, skreiv om de blåblås privatisering i et leserinnlegg i Klassekampen 18. april:

Det handlar om profitt

Høgre og Frp privatiserer av ideologiske grunnar. Meir og mindre venstreorienterte politikarar har i årevis gjentatt og gjentatt dette argumentet. Det høyrest ut som privatisering av eldreomsorg og barnehagar først og fremst er eit ideologisk spørsmål.

Les resten:
Det er skivebom. Privatisering av offentlege tenester handlar om å sikre profitt til kapitalistar. Kjerna i kapitalismen er at kapitalen må vekse. Skal ein kapitalist overleve, må han eller ho få kapitalen sin til å vekse, og helst raskare enn andre kapitalistar får til. Konkurransen er nådelaus.

Privatisering handlar om å hjelpe kapitalistar til å auke eigen profitt i framtida. I dei første åra går det ikkje nødvendigvis slik. Privatisering er langsiktig. Statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) privatiserer for å auke profitten for barnehagebaronar med bankkonto i skatteparadis.

Milton Friedman og medarbeidarane hans ved Chicago-universitet utvikla argumentasjonen på 1960-talet. Civita og andre produserer i dag ideologi for å dekke over drivkreftene bak privatiseringspolitikken.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: